SJELESORG, SAMTALE, MEDVANDRING OG STILLEARBEID
"Hvordan kan vi lytte hvis vi snakker uavbrutt?"
Wilfried Stinissen
Velkomen til sida om stillearbeid og undervisning.
Her kan du lese litt om kva som ligg i ordet Stillearbeid, og du kan finne meir konkrete opplysningar om kvar enkelt type arrangement - inkludert prisar og tidsrammer - i oversikta lenger nede på sida.
Stillearbeid er å ta seg tid - og søkje ro - frå alt som surrar og går i livet, og øve seg i å kjenne på det åndelege fellesskapet med andre menneske og Gud, i rolege og bønevenlege samlingar.
Leveggen har tre samlingsformer i sitt tilbod om stillearbeid, og kan i tillegg leigast inn til konfirmantundervisning (merka med *):
Å vise omsorg for at kropp, sjel og ånd heng saman i vår høglytte og urolege verd, og leie merksemda inn i fellesskapet med Kjærleiken - den Store - er diakoni. I dette stille, åndelege bønefellesskapet finn vi det som held gjennom gode og vonde dagar - og vår viktigaste læremeister er Jesus Kristus sjølv. Då livet hans var på det mest hektiske og mange kom for å høyre og bli lækte, "trekte han seg ofte tilbake til aude stader og var der og bad." (Luk 5.16)
Stillearbeid er eit tilbod frå Leveggen til kristne kyrkjelydar/menigheter og andre kristne trusfellesskap - men også øvingar som kan gjennomførast som del av ein sjelesorgsamtale, eller heime.
Sjå kontaktinformasjon nedst på sida!
Ver still for Herren og vent på han!
Salme 37.7 i Bibelen
TID til eit enkelt måltid dersom det går an å få til.
TID og RO til personleg å gå inn i ei bibeltekst
*TID til kort fordjuping i eitt - eller delar av eit - tema, DU lyttar.
*TID og RO til å samtale/lese/reflektere litt om temaet i små grupper der vi sit, DU delar det du vil, eller vel å vere stille.
TID til å vere stille, DU lyttar - til instruktøren, musikken og så innover i deg sjølv med ope sinn mot Gud, og der møtast du og Den heilage - privat, anten du kjenner det eller ikkje.
Så rundar vi av, og går velsigna heim.
Tema til Pausetid: Ulike bibeltekstar til eigen meditasjon og litt om eit tema knytta til å be utan ord ved stilleøvinga til slutt.
Tema til Temasamling:
Tid: 1,5 - 2 timar.
Pris:
Pausetid ved leveggen i Eikrem 119: kr 100,- (kr 50,-) for den som kan. OBS! Påmelding til Pausetid! Betal etter samlinga.
Temakveldar: 1,5 - 2 timar.
Pris ved innleige: Kr 1000,- pr samling. Dersom innleigar ordnar med måltidet og det praktiske: kr 500,- + reise.
Ved interesse for å leige inn Leveggen: Ver venleg å ta kontakt om det er noko de lurer på. Praktisk gjennomføring osv, så finn vi den beste måten der de er.
Sjå kontaktinformasjon nedst på sida
Respons:
Stilleøving: Uvant men godt for kropp og sjel. Krever øvelse.
Særlig positivt: At det er ro. Den grundige gjennomgangen av tema. Å lese i Bibelen ilag med andre (frå temasamling)
Måltid: Fint å starte med ENKEL kveldsmat. Senkar skuldrane. Uformelt.
Antal: Det er så godt å vere i denne roa. Eg merkar ikkje om vi er mange eller få. Det betyr ikkje noko. (Frå Pausetid)
2023
Pausetid ved Leveggen.
Dato: Ikkje fastsett enno
Tid: 18.45 - 20. 10 (tilpassa ferjetidene)
Påmelding til:
915 70 148 eller på bruk messengerknappen her på sida.
Pris: Kr 100,- (50,-) for den som kan.
Ta kontakt om du lurer på noko!
KALENDAR:
Kyrkjelyd eller foreining kan leige inn Leveggen til:
1. Kortkurs om/introduksjon til bønevandring, og workshop.
Vi lærer om - og arbeidar med valg- og utforming av bønestasjonar. Som avslutning set vi opp nokre av stasjonane de har valt og har bønevandring i lag.
(Leveggen har med utstyr til stasjonar for dagen (ca innanfor Møre og Romsdal..) - frammøtte vel og komponerar stasjonar/plansjar osv)
Tidsramme: ca 3 t. Pris: kr 2000,- + reise
2. Leige av Leveggen til å sette opp og ha ansvar for ei bønevandring.
Generelt kan vi sei at alle bønestasjonar kan brukast av alle - litt avhengig av kor framkomeleg det er i rommet, men kom gjerne med ønskje/ tankar om tematikk, og kven vandringa skal tilretteleggast for dersom de har det.
Døme kan vere: Ei særskilt aldersgruppe. Menneske med særlege behov ut frå helse, livssituasjon eller funksjonshemming.
Konkrete tru- og livstema.
Tidsramme: ca 1 time (minimum 30 min). OBS! Eg må ha tilgang til staden for bønevandringa minimum to timar før opning og ein time etter. Tilsaman inkludert vandringa: 4 timar tilgang til kyrkja. Dette fordi det er tidkrevjande å rigge til bønevandring, og å rydde.. :)
Pris: kr 1500;- + reise
Sjå kontaktinformasjon nedst på sida
Respons:
- Bønevandringa i kyrkja var til svært god hjelp for livet som kristne.
- Eg blir så roleg inni meg.
- TAKK!
OBS!
Det er ikkje sett opp bønevandring i Aukra foreløpig i 2025
BØNEVANDRING
- kan vere ei vandring både på indre og ytre plan. Her kan ein velje om ein vil vandre frå stasjon til stasjon og bruke ulike sansar i bøn. Vil ein site i benken og lytte til musikken er det også heilt i orden. Vi snakkar ikkje med kvarandre denne stunda. Vi øvar oss i å ha fokus mot dette at Gud er nær oss.
Samlinga startar med informasjon om dei enkelte stasjonane, og avsluttar med velsigninga, men du kan kome og gå som du vil.
Bønevandringa er gratis og open for alle som vil.
KONFIRMANTUNDERVISNING:
To tema:
Livet er ikkje smertefritt for nokon, og unge menneske kan ha opplevd tap av ulike slag, og ha opplevingar som har gjort skade på dei.
Kva er sorg? Kva betyr det å sørge? Kva er det "lov" til å sørge over? Korleis overleve tapet? Kvar kan ein gå med det vonde og vanskelege?
Inkludert bruk av "samtalebilder" og "mannakorn" til bruk i smågrupper/parsamtalar.
(Død og gravferd, som kan vere ein del av tematikken, har eg valt å overlate til andre, men død er naturlegvis med som årsak til sorg)
Tid: 1 time Pris: kr 800,- + reise
Det kristne/ bibelske menneskesyn.
Eg-perla i Kristuskransen
Inkludert 15.min pause midt i, og bønevandrings-sekvens som avslutning. Tid: 2 timar Pris: kr 1000,- + reise
OPNINGSTIDER
Kontortid
Alltid på onsdag - og ofte på tysdag og torsdag kl 10:00 - 14:30
og elles etter avtale.
På tlf
kvardagar mellom kl 10 og 15
Meldingar på e-post og facebook vert svara på innan kort tid.
KONTAKT
Leveggen, Inghild Lynge
OBS OBS!! :
Ny meldings/messenger-knapp her på sida!! (Liten,rund med bølge på)
Still spørsmål, eller bestill time til samtale/ bøker/kort/ rom i Veslebo...
ADRESSE
Besøksadresse/kontor:
Veslebo, Eikrem 119, 6480 Aukra
Postadresse
Leveggen I.Lynge, Hogsneset 107
6480 Aukra
Kontonr. 4212 2364 938
Vippsnr. 573351
orgnr: 919900466
NYTT:
Frå 01.april til 09.juni er Leveggen ute av drift grunna sjukemelding.
Velkomen til å ta kontakt for samtalar frå 10. juni, 25.
10 KORT er klare for salg!!
Sjå meir info på sida for bøker og kort!
No kan du sende melding til Leveggen/Inghild direkte frå alle sidene her. Klikk på den vesle runde knappen med bølge på :)
Bøkene:
*Spor frå livet-bøkene er utsolgt.
ROM i Veslebo-kort:
Har du lyst til å få tak i kort til å dele med nokon eller legge i kyrkjer, bedehus, legekontor eller andre stader det går folk? Send ei melding her eller på tlf så sender eg deg ein liten bunke! :)
Du er også velkomen til Veslebo!
Copyright © All Rights Reserved