Rom i Veslebo

Utleige av rom er på privat basis, men Leveggen tilbyr sjelesorg/samtale - og ved førespurnad også Pausetid eller stilleøvingar.


Det er to ulike budsjett- difor er det delt.


Inntektene frå utleige går kun til å dekke utgiftene til Veslebo.


Spre det gode ryktet om ein kvileplass og eit rom - og ver velkomen!


Blått rom

Grønt rom

Sengeloft

Tid for to? 

Eitt av soveromma har god plass til eit par.


Det å vere i eit parforhold er ei gåve, men også ei - til tider krevjande - oppgåve. Hadde det vore godt å kome seg litt vekk i lag, leve litt berre to-ilag og evt bruke litt tid til å gå inn i korleis de har det som par?  Eventuelt i lag med ein samtalepartnar? Kvar for seg eller i lag?


Eg er ingen parterapeut - eller terapeut i det heile - men utdanna sjelesørgjar og samtalepartnar som har både kjennskap til - og kunnskap om - nokre av livets opp- og nedturar. 


- berre "lufte" litt?


Nokre gongar kan det vere nok å få lov til å snakke om ting ein kjenner på eller tenkjer på til nokon som lyttar; som kanskje stiller spørsmål og gir respons, men som heiar på deg i det livet du og de lever. Kanskje har du ikkje prøvd det før.


Om du/de klikkar på knappen øvst på sida der det står "Samtaletilbod" finn du/de meir informasjon om prisar - og om det å gå i sjelesorg/samtale. :) 


Velkommen! Venleg helsing Inghild











Frå Gossen sitt høgste punkt, Jærmanburet (98 moh),

ser du heim til Veslebo :) 


Det er ein fin tur frå Veslebo til "fjellets topp". Du kan sykle til foten og gå resten, eller rusle heile vegen. ca 1km veg gjennom bygda før den vesle toppturen .

Det er også ei fin sandstrand med toalett tilgjengeleg berre ein rusletur frå Veslebo. 

I kjellaren er det to syklar som kan brukast for å kome seg litt rundt.


På Gossen er det elles flust med turstiar - anten du vil gå eller sykle, og mange flotte sandstrender. Dei fleste fint tilrettelagt for ei god pause med tak over hovudet (gapahuk), eller siteplassar og grue eller grill - om du har med ved. 

Frå Gossen kan du også ta ferge til Ona, ei vakker lita øy med eit kjent fyr.