Samtaletilbod

"Sjelesorgens utgangspunkt er at ting henger sammen og at mennesket er en helhet.

Når man bruker ett av ordene ånd, sjel og kropp, taler man om hele mennesket.

Vi kan si det slik at sjelesorgen er like mangfoldig som mennesket selv."

Sverre Stoltenberg

Samtalekråa i Veslebo

 

Velkommen til sida om

sjelesorg, samtale og medvandring.

 

Her kan du lese litt om kva sjelesorg er - og ikkje er - korleis du kan bestille samtale, og kva ein sjelesorgsamtale kostar.

 

Dei tre orda sjelesorg, samtale og medvandring, seier på ulike måtar det same: Å oppleve omsorg, få respons, respekt og tid til å gå eit stykke livshistorie i møte med - og i lag med - eit anna menneske.

 

Sjelesorgsamtalen er ikkje terapi, og å kjenne at ein treng å få prate om livet er ikkje ein sjukdom.

Sjelesørgjaren er ikkje terapeut, men ein medvandrar for deg

så lenge du vil det og treng det.

 

I ein sjelesorgsamtale er det DU som bestemmer temaet.

Og det kan vere kva som helst i livet ditt, uavhengig av livssituasjon og livssyn.

Nokre døme kan vere: Sorg og tap, sjølvbilde og sjølvkjensle,

vanskeleg(e) relasjon(ar), vonde minner, vanskelege tankar, tru og tvil, stress, håpløyse, å kjenne seg einsam -- eller noko heilt anna.

 

Kor mange samtalar det blir - ein eller fleire - er heilt opp til deg.

 

Erfaring har vist at å få sette ord på flokane i livet, til nokon som lyttar, kan vere med å greie dei ut, og slik gjere livet og vegen vidare meir oversiktleg og overkomeleg.

 

 

Velkomen til samtale!

 

 

 

 

 

 

Prisar for samtalar:

Enkeltperson       kr 100,- til kr 300,- pr samtale (inntil 60 min)

Parsamtale        kr 300, - til  kr 600,- pr samtale  (inntil 90 min)

Barn opptil 16 år kr 50,- til kr 250,- pr samtale (inntil 60 min)


Ordinærpris er den som står sist, men eg ynskjer ikkje at økonomi skal vere bestemmande for om du skal kunne kome til samtale.

Andre avtalar kan gjerast ved behov.


Det vert skrive gjensidig avtale/kontrakt mellom Leveggen og den som kjem til samtale (konfident)

Ved samtale pr telefon eller video må vi ta kontrakten munnleg ved første samtale, eller eg sender på e-post.


Unytta bestilt time som ikkje vert avlyst,               må betalast.


(Leveggen tek ikkje imot kontantar, men du kan  betale med Vipps etter avtale)

SJELESØRGJAREN SIN FORMELLE KOMPETANSE (utdanning):

- Sjelesorgens fundament og metode

- Gudsbilde, identitet og livsutfordringer

- Relasjoner, makt og livskriser

- Spiritualitet

- Livshistorie og troshistorie

(frå sjelesorgstudiet ved Høgskulen Diakonova, Oslo)

Kvifor ta betalt? Skal ikkje sjelesorg vere gratis?


Det skulle eg ønskje at det kunne vere, men - i alle fall foreløpig - er ikkje det noko eg kan tilby som standard.  Lat likevel ikkje økonomien din vere eit hinder for at du kan kome til samtale! Saman kan vi finne ei løysing.


I tillegg er sjelesorg gratis hos diakonar og prestar i Den norske kyrkja.

SOMMARTID / FERIETID



O P P S L A G S T A V L E

Sjelesørgjaren har alminneleg teieplikt og skriv ikkje journal. 

Bestilling

av time

kan du gjere ved å


*Bruke meldingsknappen - den vesle runde, og sende melding der.

  •  

* Sende ein SMS eller ringe

* Sende ein e-post til Leveggen

* Gå inn på facebooksida til Leveggen og sende melding derifrå.

 

Sjå telefonr og e-postadresse nedst på sida. 

LEVEGGEN er eit føretak med det bibelske menneskesynet og kristen etikk som basis.

Dette gjer at det er like naturleg å samtale om tru, tvil, gudsbilde og bibelsyn som alt anna i livet. Som: Kvar er Gud i livet ditt? Kva gjer livets krumspring med trua di? Kva seier Bibelen om det eine eller det andre? Bryr Gud seg?

Person- opplysningar

som namn; adresse; e-postadresse og samtalekontrakt vert arkivert på lovleg måte, utan tilgang for andre enn eigar av Leveggen i inntil 2 år, dersom ikkje annan avtale er gjort. Etter 2 år, eller ved ønskje frå kunden, makulerast alle opplysningar. Faktureringsprogram og rekneskapsbyrå med godkjend handsaming av personopplysningar vil kunne sjå nokre av desse opplysningane.