SJELESORG, SAMTALE, MEDVANDRING OG STILLEARBEID
Godt å få sjå mine eigne tankar. Drage dei ut frå floken i hjerna og legge dei ut som lange eller korte liner, så eg ser kva som rører seg der inne.
Velkomen til sida om bøkene. ( - og no også med "heimelaga" kort med tekst og foto :) )
Her vil eg fortelje litt om korleis tekstane oppstår, og korleis eg fekk frimod til å dele det eg har skrive gjennom mange år.
I ei periode i livet jobba eg med meg sjølv, blant anna ved hjelp av terapi. Ein ber så mangt med seg gjennom livet, og ikkje alt er vits i å drage med seg vidare. Å skrive i livsprosessar har alltid hjelpt meg i sorteringsarbeidet.
Andre tekstar kjem fram i stille bønestunder. Dei kan kome i det eg går ein tur i naturen. Når kroppen rører seg, skjer det noko med tankane og. Bønevandringar i naturen opnar opp sinnet mot Skaparen.
Og mange tankar eg skriv ned, kjem medan eg arbeidar med bibeltekstar som vert personlege og avslørande, eller forvirrande og provoserande; trøystande eller oppkvikkande. Ordet er levande - og eg har fått gleda av å skrive om også den delen av livet.
Gjennom livet møter vi alle mange menneske. Mange eg har møtt - i alle aldrar - har delt av livet sitt med meg. Kloke ord og tankar. Undrande til livet. Såra og fortvilte. Det er alt saman del av mysteriet menneske. Og mysteriet Gud. Eg har grunda på det eg har høyrt. Eg har prøvd å lære av det som har vorte sagt. Det har gjort noko med meg. Eg har tolka alt om til mitt språk og inn i mitt liv, og noko av det blir det tekstar av. Det hender også at eg får idear til små forteljingar som eg berre skriv ned, utan at det som står skrive konkret har skjedd. Likevel kjennest det som ord til meg frå Gud. Ord som vil hjelpe meg å forstå bedre, å forstå Gud; forstå andre; og forstå meg sjølv - bedre. Verd å dele.
Etterkvart fekk eg frimod til å dele tekstane mine, og det igjen førte til at andre gjerne ville dele vidare. Det handlar litt om å stole på at dei evnene ein har er til for å brukast. Også til glede og nytte for andre. Og etter venleg påtrykk og oppmuntring frå gode folk som gav meg frimod til å lage bøker i "veskeformat", fann Spor frå livet-bøkene sitt format og sin stil. Og kven veit - kanskje blir det meir skriveri å dele...
Spor frå livet-bøkene
er snart historie. I alle fall i dagens format. Dessverre har ikkje Japanfoto lenger tilbod om dette formatet, og dei må i så fall lagast på nytt med ein heilt annan pris.
Difor har eg bytta fokus og starta jobben med å grave fram andre tekstar eg har skrive, gamle og nye, og har no nok stoff nok til ei ny bok!!
Med stor spenning har eg kontakta eit forlag for første gong i mitt liv. Korleis enden på visa blir vil vise seg, men enno blomstrar håpet om å finne nokon som kan hjelpe meg med å få tekstsamlinga til å bli bok.
Sjå prisar og bestillingsinfo lenger ned på sida. Nedst på sida finn du kontaktinformasjon.
Følg med følg med :)
Nokre tilbakemeldingar:
"Eg har lest "Spor frå livet" - og funne både noko å bryne tankane på, og tekstar til kvile og trøyst. Takk!"
"Kvart dikt, ei andakt i seg sjølv!"
"Kjempefin gavebok!"
"Slitesterk, den tåler å bli lest mange ganger!"
"Innholdet var godt og språket/ordene gode og noen ganger overraskende."
"Bibelversene er spennende; de utdyper og kompletterer!"
"Eg har blitt så glad i desse kvardagskloke, små bøkene til Inghild. Det er stadig noko nytt å finne når eg les, og dei vakre og gjennomtenkte illustrasjonane gir innhaldet endå ein dimensjon. Sist jul brukte eg den første boka som fin og meiningsfylt gåve til veninner. Skriv, skriv!
Solveig Stokkeland."
Jeg var svært positivt overrasket over bøkene. Jeg var fordomsfull og tenkte at når man trykker opp så mange på så kort tid så er den første ganske bra og de andre litt oppgulp, men det var feil. De var allsidige, og mye av det har jeg aldri hørt noen skrive på den måten. Alt fra sånn tårer i øynene til at jeg måtte le. «Hva sa Jesus når han klemte seg mellom planker på jobb.» Godt spørsmål! Det med "når er kjærligheten størst" var også finurlig.
Hilsen fornøyd kunde. (Leveggen kjenner identiteten)
Bokmeldingar!
Inghild har så langt skrevet fire bøker som hun kaller «Spor frå livet». Ved første øyekast tenker du kanskje at bøkene ser små og beskjedne ut, men det er nok før du har åpnet dem!
De korte og ofte underfundige tekstene reflekterer over livet i sitt mangfold, ofte med skrått blikk og gjerne med humor, varme, alvor og dyp livsvisdom - midt i hverdagen!
Inghild knytter ulike bibelsitater til sine dikt, tanker og refleksjoner, og hun bruker fotografier og andre illustrasjoner som angir stemninger i et mangfold.
Disse bøkene har jeg stor glede av, både privat og i min tjeneste som diakon, og de egner seg godt dersom du vil gi en gave til en god venn😊
Rigmor Dahl
diakon i Bolsøy
Prisar, bestilling- og betalings-informasjon
BØKER.
Prisar:
Her kjem det informasjon når eg har bøker å selge igjen :)
Bestilling:
Bøkene kan bestillast pr tlf, e-post eller på messenger via facebooksida til Leveggen.
Sjå kontaktinformasjon nedst på sida.
Ved sending av bøker treng Leveggen: Mottakarens namn og adresse, e-postadresse (for utsending av faktura)
Betaling:
Ved utsending av bestilte bøker vert det også sendt ut faktura. Du kan velge om faktura skal leggast ved i sendinga, eller sendast på e-post. Dersom det er behov kan også giro leggast ved i sendinga.
Betale med Vipps berre etter avtale.
Nytt:
KORT!!
Skroll på kanten av ruta nedanfor og zoom inn med +teiknet så du får sjå godt, eller klikk på ruta øvst til høgre og få opp eige vindu! :)
Akkurat no er der 10 kort å velje mellom, men fleire er på trappene. Prisliste og anna informasjon under bilderuta, og all kontaktinformasjon nedst på sida.
(Trykt hos Lyskopi, Molde)
OPPSLAGS-TAVLE
Tekstar både på nynorsk og bokmål!!
Prisar, bestilling og betalingsinformasjon
KORT, doble/falsa
Prisar:
KORTPAKKE (1 av kvart kort= 10 stk): kr 150,- + porto
ENKELTKORT (1-9stk): a kr 17,- + porto
FRITT VAL - 10 KORT ELLER MEIR: a kr 15,-+Porto
Kvart kort har sitt nr, så bruk det ved bestilling!
Bøkene kan bestillast pr tlf, e-post eller på messenger
Sjå kontaktinformasjon nedst på sida.
Ved sending av kort treng Leveggen: Mottakarens namn og adresse, e-postadresse (for utsending av faktura)
Betaling:
Ved utsending av bestilte kort vert det også sendt ut faktura. Du kan velge om faktura skal leggast ved i sendinga, eller sendast på e-post. Dersom det er behov kan også giro leggast ved i sendinga.
Betale med Vipps berre etter avtale.
Personopplysningar
som namn; adresse; e-postadresse og samtalekontrakt vert arkivert
på lovleg måte, utan tilgang for andre enn eigar av Leveggen i inntil 2 år,
dersom ikkje annan avtale er gjort. Etter 2 år, eller ved ønskje frå kunden, makulerast alle opplysningar. Faktureringsprogram og rekneskapsbyrå med godkjend handsaming av personopplysningar vil kunne sjå nokre av desse opplysningane.
OPNINGSTIDER
Kontortid
Alltid på onsdag - og ofte på tysdag og torsdag kl 10:00 - 14:30
og elles etter avtale.
På tlf
kvardagar mellom kl 10 og 15
Meldingar på e-post og facebook vert svara på innan kort tid.
KONTAKT
Leveggen, Inghild Lynge
OBS OBS!! :
Ny meldings/messenger-knapp her på sida!! (Liten,rund med bølge på)
Still spørsmål, eller bestill time til samtale/ bøker/kort/ rom i Veslebo...
ADRESSE
Besøksadresse/kontor:
Veslebo, Eikrem 119, 6480 Aukra
Postadresse
Leveggen I.Lynge, Hogsneset 107
6480 Aukra
Kontonr. 4212 2364 938
Vippsnr. 573351
orgnr: 919900466
NYTT:
Frå 01.april til 09.juni er Leveggen ute av drift grunna sjukemelding.
Velkomen til å ta kontakt for samtalar frå 10. juni, 25.
10 KORT er klare for salg!!
Sjå meir info på sida for bøker og kort!
No kan du sende melding til Leveggen/Inghild direkte frå alle sidene her. Klikk på den vesle runde knappen med bølge på :)
Bøkene:
*Spor frå livet-bøkene er utsolgt.
ROM i Veslebo-kort:
Har du lyst til å få tak i kort til å dele med nokon eller legge i kyrkjer, bedehus, legekontor eller andre stader det går folk? Send ei melding her eller på tlf så sender eg deg ein liten bunke! :)
Du er også velkomen til Veslebo!
Copyright © All Rights Reserved