SJELESORG, SAMTALE, MEDVANDRING OG STILLEARBEID
Dei fleste veit kva ein LEVEGG er: Ein plass til å trekkje pusten - og til å puste ut-. Ein plass det er godt å kome når det stormar rundt ein - og kanskje også inni ein. Slik ønskjer eg det skal vere å kome til DENNE leveggen også.
At du skal få kjenne roa sige på, klarne tankane, og om du ønskjer - opne sinnet for noko større, noko som femner trua og tvilen, ja heile deg, med ånd sjel og kropp.
Kanskje gråte, kanskje le...
Ein kort presentasjon av det LEVEGGEN kan tilby:
SJELESORG, SAMTALE, MEDVANDRING
Vi har alle eit liv å leve, og neimen om det er så liketil alltid!
Å ha fått dele vanskelege tankar og erfaringar med nokon - det kan vere som ei lysning i skogen, som eit solgløtt i regnver eller som den beste smaken på tunga - det gjer godt - men det krev litt innsats å kome dit!
Velkomen til samtale!
STILLEARBEID
Kvardagslivet er ofte fylt av både indre og ytre uro.
Leveggen tilbyr samlingar, kalla Pausetid - med fokus på åndelege og kvardagslege livstema - i roleg tempo og med øvingar for det indre livet.
Eg tilbyr også informasjon om, og kan vere med på gjennomføring av, bønevandringar, samt konfirmantundervisning i to tema.
Velkomen til å ta kontakt!
BØKER
Spor frå livet-bøkene har eg no berre nokre svært få eksemplar igjen av.
I staden held eg på med ei litt større bok. Fokuset er som i Spor-bøkene: tekstar forma som bøner, refleksjonar og dikt med tema frå alminneleg kvardagsliv, gleder og sorger, tru og tvil, og med eit litt særskilt fokus på Sentrerande bøn, med nokre sitat frå undervisninga til Ola Westad, som har leia kontemplative retreatar over lang tid.
Eg har no teke til å kontakte forlag i håp om å få tekstsamlinga til å bli bok.
KORT
NYTT: Faldekort med eigne tekstar og foto. Kan brukast til gåvekort, brev og helsingar eller setjast i ramme. 10 ulike motiv.
Om Leveggen
Leveggen er eit enkeltpersonføretak med besøksadresse Aukra, på romsdalskysten.
Etter mange år innan kyrkjeleg barne-og ungdomsarbeid, korarbeid, undervisning i skule og kyrkje og diakoni, får eg no jobbe med det som ligg mitt hjarte nærast: Sjelesorg og stillearbeid.
I tillegg har det å skrive vore - og er - ei uttrykksform som har vore naturleg for meg og til hjelp opp gjennom livet.
Eg - Inghild Lynge - fødd i 1961 - er utdanna sjelesørgjar, praktisk pedagog og menighetssekretær, og har så lenge eg kan huske vore samtalepartnar for menneske i ulike faser av livet - i tillegg til å drive med formidling på ulike måtar.
Gjennom livet må vi tåle ein del. Som menneske reagerar vi ulikt sjølv om hendingane ser nokså like ut. Eg opplevde - då eg var ca 10 år - å få ein klar tanke om at det eg møter og som er vanskeleg, skal gjerast til noko meiningsfullt ved å gjere meg bedre i stand til å møte andre som har det vanskeleg.
Det opplever eg at Gud har gitt meg styrke til, og visdom i den grad eg er i stand til å ta imot.
Mine offentlege livskriser er skilsmisse og etterlatt etter sjølvmord av ein nær.
Mine personlege og private kriser gjennom livet har også prega meg, men håpet er at det alt saman kan virke slik at eg ser bedre deg som treng å bli sett og lytta til. Livet er i stor grad meiningsfullt og godt, midt i alt. Ofte kan det først vere muleg å sjå når ein har fått lufta litt og sortert tankar og kjensler.
LEVEGGEN er mitt tilbod til dei som vil kome.
Ein roleg plett i ei uroleg verd.
Føretaket vart oppstarta 01.01.2018
Veslebo
Eikrem 119
OPNINGSTIDER
Kontortid
Alltid på onsdag - og ofte på tysdag og torsdag kl 10:00 - 14:30
og elles etter avtale.
På tlf
kvardagar mellom kl 10 og 15
Meldingar på e-post og facebook vert svara på innan kort tid.
KONTAKT
Leveggen, Inghild Lynge
OBS OBS!! :
Ny meldings/messenger-knapp her på sida!! (Liten,rund med bølge på)
Still spørsmål, eller bestill time til samtale/ bøker/kort/ rom i Veslebo...
ADRESSE
Besøksadresse/kontor:
Veslebo, Eikrem 119, 6480 Aukra
Postadresse
Leveggen I.Lynge, Hogsneset 107
6480 Aukra
Kontonr. 4212 2364 938
Vippsnr. 573351
orgnr: 919900466
NYTT:
Frå 01.april til 09.juni er Leveggen ute av drift grunna sjukemelding.
Velkomen til å ta kontakt for samtalar frå 10. juni, 25.
10 KORT er klare for salg!!
Sjå meir info på sida for bøker og kort!
No kan du sende melding til Leveggen/Inghild direkte frå alle sidene her. Klikk på den vesle runde knappen med bølge på :)
Bøkene:
*Spor frå livet-bøkene er utsolgt.
ROM i Veslebo-kort:
Har du lyst til å få tak i kort til å dele med nokon eller legge i kyrkjer, bedehus, legekontor eller andre stader det går folk? Send ei melding her eller på tlf så sender eg deg ein liten bunke! :)
Du er også velkomen til Veslebo!
Copyright © All Rights Reserved