Heim

Dei fleste veit kva ein LEVEGG er: Ein plass til å trekkje pusten - og til å puste ut-. Ein plass det er godt å kome når det stormar rundt ein - og kanskje også inni ein. Slik ønskjer eg det skal vere å kome til DENNE leveggen også.

 

At du skal få kjenne roa sige på, klarne tankane, og om du ønskjer - opne sinnet for noko større, noko som femner trua og tvilen, ja heile deg, med ånd sjel og kropp.

 

Kanskje gråte, kanskje le...

 

 

Ein kort presentasjon av det LEVEGGEN kan tilby:

BØKER

 

Spor frå livet-bøkene er korte tekstar forma som bøner, refleksjonar og dikt med tema frå alminneleg kvardagsliv, gleder og sorger, tru og tvil.

KORT


NYTT: Faldekort med eigne tekstar og foto. Kan brukast til gåvekort, brev og helsingar eller setjast i ramme. 10 ulike motiv.


Om Leveggen


Leveggen er eit enkeltpersonføretak med besøksadresse Aukra, på romsdalskysten.


Etter mange år innan kyrkjeleg barne-og ungdomsarbeid, korarbeid, undervisning i skule og kyrkje og diakoni, får eg no jobbe med det som ligg mitt hjarte nærast: Sjelesorg og stillearbeid.

I tillegg har det å skrive vore - og er - ei uttrykksform som har vore naturleg for meg og til hjelp opp gjennom livet.


Eg - Inghild Lynge - fødd i 1961 - er utdanna sjelesørgjar, praktisk pedagog og menighetssekretær, og har så lenge eg kan huske vore samtalepartnar for menneske i ulike faser av livet - i tillegg til å drive med formidling på ulike måtar.


Gjennom livet må vi tåle ein del. Som menneske reagerar vi ulikt sjølv om hendingane ser nokså like ut. Eg opplevde - då eg var ca 10 år - å få ein klar tanke om at det eg møter og som er vanskeleg, skal gjerast til noko meiningsfullt ved å gjere meg bedre i stand til å møte andre som har det vanskeleg. 

Det opplever eg at Gud har gitt meg styrke til, og visdom i den grad eg er i stand til å ta imot.

Mine offentlege livskriser er skilsmisse og etterlatt etter sjølvmord av ein nær.

Mine personlege og private kriser gjennom livet har også prega meg, men håpet er at det alt saman kan virke slik at eg ser bedre deg som treng å bli sett og lytta til. Livet er i stor grad meiningsfullt og godt, midt i alt. Ofte kan det først vere muleg å sjå når ein har fått lufta litt og sortert tankar og kjensler. 


LEVEGGEN er mitt tilbod til dei som vil kome. 

                                                        Ein roleg plett i ei uroleg verd.



Føretaket vart oppstarta 01.01.2018

Eikrem 119